Trener introkurs
I løpet av denne sesongen skal det avviklast ulike trenarkurs i regi av RIHK. Herunder kan de sjå meir om kvart enkelt kurs. Istidene til kursa er sette, og invitasjon til kvart respektive kurs vil koma etter kvart. Fint om de kan byrja å orientera aktuelle kandidatar i klubbane allereie no.
Alle kursa er i regi av RIHK, leia av Kjell Erik Myreng, med istider i Stavanger.
Introkurs 1:
Forkunnskap: ingen påkravde, men er fordel med erfaring på is med born mellom U7-U10.
Omfang: 1 dag med 3 timar is og 5 timar teori.
Innhald: kurset er retta mot trenarar som skal ha born i alderen U8-U10 på isen. kurset tek føre seg korleis ein skal leggja til rette for lagbygging, tekniske øvingar, turneringsspel, planlegge treningar og liknande.
Tid: 23.10.2016.
Introkurs 2:
Forkunnskap: Introkurs 1.
Omfang: 1 dag med to timar på is + teori.
Innhald: Dette er eit nytt tilbod av sesongen. Det bygger vidare på kunnskap som vert tileigne ved introkurset. Fokuset er å sjå på eigne erfaringar på is/i garderobe frå sist kurs til no.
Tid: 21.01.2017